Oddrun Midtbø

Om kulturutøveren

Eg har arbeidd som frilansjournalist i rundt 40 år, i tillegg til å vera tillitsvald i Norsk Journalistlag - nasjonalt og på europeisk nivå.

I 2023 gav eg ut boka "Harastølen. Heimen for dei utstøytte" som vart kåra til Årets indiebok i kategorien sakprosa. Eg oppdaga at interessa for denne type historier er stor, og at eg  likte å halda føredrag.

To år etter, 2025, lanserte eg boka "Lobotomert. Ein skamplett i psykiatrihistoria". Begge bøkene er gitt ut på eige forlag og har fått gode tilbakemeldingar, av bokmeldarar og når eg held føredrag.

Klassekampen. Dag og Tid. Morgenbladet.

‍

Om aktivitetene som tilbys

Eg held føredrag (45-60 minutt) med bilete/illustrasjonar. Open for spørsmål undervegs eller i etterkant.

Det er knytt mange spørsmål, mytar og historier til det majestetiske bygninga høgt oppe i fjellsida i Sognefjorden. Mange over heile landet har ei kopling til staden gjennom slektningar som har vore pasientar eller som har jobba der.  Harastølen vart fyrst bygd for tuberkuløse, deretter nytta som psykiatrisk sjukeheim og etter kvart flyktningmottak.

Når det gjeld boka Lobotomert har eg funne svar på spørsmål som:

• Kvifor var Noreg blant dei landa i verda som lobotomerte flest, i høve innbyggjartalet?
• Kvifor vart det sagt at denne metoden passa spesielt «godt på kvinner»?
• Kvifor vart metoden brukt fleire ti-år etter at medisin var teken i bruk i mange andre land?
• Kva meinte fagfolk den gongen, og kva meiner dei no om det som skjedde?
Bakgrunnen for den boka var at eg heilt tilfeldig oppdaga ein slektning, ei grandtante, som vart lagt inn som "sinnssjuk" som 20-åring. Ho levde på institusjon fram til ho døydde 86 år gamal. Kampen om innsyn i pasientjournalen hennar engasjerer og er blitt ei bok i boka.

‍

Pris:
Eg bruker satsane til Norsk forfattersentrum: kr. 7 100 + reise og diett.
Passer for:
Institusjoner
Faginnhold til konferanse
Eldre
Ungdom
Voksen
Type:
Foredrag
Se andre utøvere
Juan David Hesjedal

I foredraget "REKINDLE: The Juan Within" bruker Juan sin egen sterke livshistorie og reise med psykisk helse til å formidle en ærlig, gripende og visuell fortelling om håp, mestring & nytt liv - og viser at selv etter det dypeste mørket finnes det en vei tilbake til livet.

NO ER LIVET

NO ER LIVET- varmt lyrikk-og musikkprogram basert på Bente Bratlund sine nyare dikt. Bente knyter historiar til dikta, morosame og ettertenksame historiar og dikt. Kjersti har funne songar som passar til temaene og Trond Fykse spelar piano.

FortellerLab Oslo

Kort fortalt gir nytt liv til litterære klassikere gjennom muntlig fortellerkunst. Med enkle grep tilpasses fortellingen ulike aldersgrupper. Vi forteller for både barn og voksne.

Berit Håpoldøy

Siden 2012 har Berit vært en kraft å regne med på den norske musikkscenen. Hun har skapt, produsert og arrangert musikk som treffer rett i hjertet, med røtter i americana, folk og country. Med tusenvis av streams på Spotify og utallige konserter bak seg på Vestlandet – enten solo, i duo, eller med sitt eget band – har Berit blitt en publikumsfavoritt.

Vivian Midttveit

Vivian fortel og les frå boka si: "Krigens fargar - levande historier frå hemnaksjonen på Telavåg" og gjer deg eit innsyn i øyeblikka, kjenslene og historen til dei som var der, vårdagen i Telavåg 1942. Boka er eit historisk og kunstnarisk prosjekt, og er bygd på historiske hendingar og forteljingar, som ingen ville snakka høgt om i så mange år.

/Spørsmål/

Ofte stilte spørsmål

Hvordan bestiller vi denne utøveren?
Hva trenger vi å forberede som arrangør?
Passer dette både for små og store arrangementer?
Hvor tidlig bør vi sende forespørsel?
Hvordan kan jeg bli utøver hos Folkeakademiet?
Hva skjer hvis man ikke er fornøyd med foredragsholderen?
Hva skjer hvis arrangementet avlyses?